raud badedrakt

Du rundar neset og kjenner følelsen bre seg i kroppen.

 

Strekket innover i bygda.

Husa.

Butikken til høgre, og der………..

Huset dei stod og vinka frå.

Kjøkenvindauget – to haud tett i tett – hender som vinka – stovevindauget – vi var framme.

Gjerdsvika.

Mitt barndomsparadis.

 

Eg har ofte måtta stoppa enten før eller etter at eg har passert huset, for tårene kjem.

Oppveksten i bygda der, med mine flotte “ekstra besteforeldre”.

Mamma sin tante og onkel som var barnlause.

Og vi – som deira eigne – Aslaug og Petter.

Det var noko godt over huset og heimen, over menneska.

 

Ja – for det er det eg har som minne.

Bestefar og bestemor i Gjerdsvika.

Den blå tripp trapp stolen, dei gode sengane med kvitt sengetøy, det spanande loftet med alt det rare, bestemor sin svarte pels som hang der og kamferdrops på kjøkenet.

Fargane i ingangspartiet, kjellartrappa og dei svarte syklane.
Bestefar si jordbæråker og Svanhild som bodde i andre etasje.

 

Og den raude badedrakta eg fekk av Synnøve.

 

Synnøve med det lange håret heilt ned på midja, i to fletter.

Den raude badedrakta som eg elska.

 

Gud kor stolt eg var over å arve den raude badedrakta.

Eg hadde ikkje hatt slik flott badedrakt før.

Og vi bada på stranda ned for huset til Rolf.

Og Synnøve var den flottaste i Gjerdsvika.
Og vi fant på dei artigaste ting.
Synnøve var eldre enn meg,
og leika vel mest med mine eldre brødre,
men eg såg opp til ho med det lange håret, i to fletter,
og den raude badedrakta.

 

Og når du rundar neset og ser den raude badedrakta framfor deg, og tankane fyk med vinden, då kjem følelsen av saknet.
Det som var.
Og at det var gode dagar og at du ikkje ville vore det forutan.

Minna.

At ei raud badedrakt gir slike sterke følelsar…………..

Det betyr at dagane var gode.

 

 

 

#daganevargode #godedagar #raudebadedrakta #badedrakt #følelsar #minner #godeminner #fortid #barndom #blogg

10 kommentarer

Siste innlegg