opp å gå

 

 

TURGRUPPA
“OPP Å GÅ”

Og i dag var det siste tur før sommarferien.

Oppmøte heilt syd på Kopparstad – siste stykket på grusveg, før ein ikkje kjem lengre med bil.

Heile 12 møtte i dag, og det blei ei flott avslutning i KISTEVIKA på Nerlandsøy.

Sola kom fram og det var nydeleg lys ute.

Noko å bite i hadde vi med, og kaffe/drikke også.

Det er så flott i Kistevika, og forbi.

 

(Nokon som veit kvifor den heiter akkurat “kistevika”?)
I vår fantasi såg vi før oss skip som grunnstøytte her………

 

Og her kan ein rusle heilt til endes mot skorpesundet, langs fjellet, om ein vil.

God sti for det meste, eller klatre litt i steinane ned mot sjøen.
Eg har gått heilt til endes – og det er flott å gå der .


Litt vått i marka etter mykje regn, men gode sko og støvlar gjer susen her 🙂

Så fann vi den perfekte plassen å raste ved 🙂

 

 


Nestledar Marthe og ledar Mona – nyter sola som varma godt mens vi var der.

 

/knotten snakkar vi ikkje om/

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Monge av dei oppmøtte hadde aldri vore her før, eller forresten, INGEN av dei oppmøtte, utenom meg, hadde vore akkurat her ute før. Og alle var einige om at det var fint her og vel verdt eit nytt besøk.

Kjekt også når dei små vil være med.

Mona hadde med datter og barnebarn på turen.

Veldig koselig.

Og om ikkje turen vart så lang, så er det fokus på det sosiale og gå ein tur i lag, som er det viktige. Mestre i lag.

 

Då får eg på vegne av styret ynskje dokke alle ein riktig god sommar,

og så håpar eg å sjå dokke alle som ein, til hausten, når vi startar opp igjen!

 

 

 

#oppågå #herøyrevmatikarlag #mestring #sosialt #turglede #turgruppe #fotografering #hobbyfotograf #natur #kistevika

6 kommentarer
    1. En flott gjeng som har auka godt på siden jeg så første innlegget om gruppa 😀 Gratulerer og lykke til videre 😀 Men jeg regner med forfatteren av innlegget fortsetter å gå 😀

    2. Så flott oppmøte dere hadde på den siste turen før sommeren- herlig gjeng 😀 Og for noen flotte bilder av et fantastisk landskap- Norge er vakkert altså <3

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg