morsdag


MOR

Ikkje ein dag utan deg
mor, alltid der med ei hjelpande hand.
Jau, det kan no gå dagar, men då er du på telefonen.
Er du i utlandet?
Er du på reis?
Eg har ikkje sett deg på lenge!

Men det har no berre gått et par dagar.
Mor.
Ho har kjærleiken i seg.
Bekymringa i seg.
Ho elskar deg ubetinga.
Du er for alltid hennar barn sjølv kor vaksen du blir.

Mor.
Når du ein gong blir mor sjølv.
Då veit du dette, at kjærleiken er ubetinga.
Hjartet veks og veks, det svulmar.
Du gjer alt for dine små.
Endå når dei vaksne er, er du der.
Alltid der, for å gi dei trygge kår.

Mor.
Og du veit.
Du kjenner det i ditt hjarte.
Alt vel du vil for dine.
Den kjærleiken – større enn alt.
Morskjærleiken.
Stoltheita.

Morsdagen.
Mor sin dag.
Og alt som er nevnt her.
Kjenner du det ikkje igjen?
Ikkje alle har ei slik mor.
Ikkje alle…..
Ikkje ein gong alle ER ei mor.
Og nokon er ekstra-mor.
Morsdagen.
Feirast i alle heimar.
Ikkje alle feirar.
Vi MÅ ikkje feire.
Men media fortel deg det, kva du må kjøpe til mor.
Kva mor fortenar.

Men berre DU veit kva mor fortenar.

Mette Kvalsvik
11.02.18

 

 

 

 

#morsdag #mor #feiring #morfortenar #blogg #minedikt #søndag fastelaven

 

14 kommentarer

Siste innlegg