Tilfeldigheter…

HEI!

Tilfeldigheiter…

Valgte ei anna rute i dag, og tenkte gå nordover i dalen her ute i Kvalsvika.

Av og til så er det slik at det var slik det skulle være i dag, og med det kan det bety så mangt.

I dag betydde det utifra den vegen som laga seg mens eg gjekk, at eg traff denne karen.

Han sa: “HEI – vil du ikkje være med inn og sjå kontoret mitt der eg har alle avisutklipp ang kvalsvika?”

Eg kjenner godt til denne karen og han kan og veit mykje.

Eg er oppvaksen i Kvalsvika, og med Øyflora planteskule – som vart starta på 1950-talet, av denne karen.

Her er han, og ja, eg fekk lov å ha bilde ut offentlig sjølv om han  ikkje var noko å ta bilde av, syntes han.

Kåre, født 1926.

Det er mykje historie i veggane her.


 Her peikar han på eit foto han tok på 1950 talet av storbåra ved Golleneset.
Nokon “såg” noko i det bilete som han også hadde inn i Sunnmørsposten.
Bildet vart forstørra (mulig det blei malt) og heng i Bedehuset i Kvalsvika.

Han fekk kulturprisen i 2009 

Det er interessant å sjå alt han har samla på gjennom alle år.

Og mykje fra “føritida” har han på hyllene ute i gartneriet, som no er nedlagt.
Han viser meg ei mjølause av tred som er lappa i hop – som tilhøyrde bestemora hans.

Eg er takksam for at eg fekk vekse opp i den tida der vi leika i fjøresteinane, sa han, og det er eg og takksam for, at eg fekk. 
Utetida – leiken – klatring i treda – fantasien og gleda.

Eg takkar for samtalen og ruslar vidare.
Han kan og veit mykje den karen og eg er litt rørt når eg går derifrå.

Eg ruslar på vegen mot dalen.

 


“Kårabakken” der vi stod slalom og aka.
Vi var heldige og fekk bruke bakken has Kåre 🙂


Eg ruslar i dalen.

Steingara som delte markane.

Vi var ofte her i dalen.
Om hausten med lommelykte – gjøyme og leite 🙂


Flott utsikt mot Runde og Remøya.

Røter <3

Gamle røter.

Minner <3


“Rinden”

Ein tur som ikkje vart etter planen 🙂
Men som vart god på minner fra svunnen tid.

Som Kåre seier, når eg spør om han ikkje savnar Øyflora?
Han slår ut med hendene.
Han ser Øyflora  i hagane til folket i Kvalsvika og rundtom.

 

#tilfeldigheter #øyfloraplanteskule #kvalsvika #mimre #gamledager #utpåturaldrisur #sunnmøre

28 kommentarer

Siste innlegg