UT PÅ TUR OG ALDRI SUR
To damer på tur til kjente trakter
KVALSVIKØY (bygda heitte det då eg vaks opp)
6099 Kvalsvikøy –
og har i moderande tid vorte til 6098 Nerlandsøy
Så,
vi har vore ute i kvalsvika og gått på tur i fjellet der
Vi kjørte opp “brekka” – brekkevegen – og parkerte på parkeringsplass der, og tok turen opp til det gamle vassverket og forbi
Turen gjekk til Barmen og Muletua, som er ein del av det eg har kalla
“Gullrekka” i kvalsvika
Reine gullrekke – innlegg frå 17. juli 2015
18. mai 2020 – Gullrekka – det er i allefall det JEG har døpt turen for!
Ein fantastisk vårdag – og det er tørt og fint å gå
Turen er planlagt og gjennomført i godt lag med Tove Worren
To spreke damer!
Sjølv om eg ikkje følte meg særlig sprek, så er meistringa der
Eg kan samanlikne med alt mogleg – og at eg har klart å gå heile rekka på ein to tre… Og no var det brått meir enn nok med den turen vi hadde i dag
Eg kan ikkje være skuffa – det er ikkje lov – for det er ein fantastisk tur
Men du forstår følelsen?
Den av at kroppen ikkje klarar meir – og herkar på heile returen…
So what??!
Ha den turen i boks, eller ha INGEN tur i boks!
Sånn er det med den saka – og vi meistra den begge damene 😀
Og sola mitt i fleisen (utan solkrem) – solbriller – sekk på ryggen med god mat og drikke – og den vakraste utsikta så langt auge ser….
Ein kan ikkje forlange meir
fotograf: Tove Worren
Nokon tør å stå heilt ute på tuppen mens andre må sitje og dingle med føtene
Ja, vi har mykje å snakke om
Utsikt mot Børa, Okla og nedstigning til Golleneset fyr – og vidare mot fugleøya Runde,
til venstre i bilete
Utsikt frå Barmen og ut mot Skorpa
Utsikt frå Barmen mot Muletua
Vi ruslar vidare mot Muletua som du ser i spissen der
Vi er ved målet der måltidet skal innta`s 😀
Ganske så vindstille – og heilt fantastisk
Glade Tove
Så startar returen
Den er fine, bygda, og øyane rundt
Så var vi nede ved startpunktet igjen
Å sjå mot dalen og forbi,
lagar minne tilbake til barndomen,
sånn er det med den saka
Tusen takk for godt turlag, kjekke og spreke Tove!
Fleire turar kjem etter kvart, det er vi einige om 😀