nokon

 

Av og til kjenner eg
at eg tek alle sorgar og smerter
innover meg.
Eg kjenner det på kroppen
at nokon har det vondt,
bak gardinene i eit hus.
Nokon har mista ein av sine,
nokon er alvorleg sjuk.
Og eg kjenner det i heile meg,
kor smerta riv.

Då kjem tårene og fortvilelsen.
Og eg gløymer at EG er frisk, 
når eg får slike smerter innvendig.
Men det sklir sakte over.
Og eg blir takksam
for MEG
og  mitt
og alle som også har det godt.
Livet.
Så uforutsigbart.

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #blogg #tirsdag #livet #uforutsigbart #sorgar #smerter #kroppen #vondt

12 kommentarer

Siste innlegg