kva veit vel eg

 

Kva veit vel eg om kampen for ĂĄ overleve?

Kva veit vel eg, nĂĄr det kjem til stykket, om redsla over kva framtida vil gi.

Det er når ein sit og ser i augene – den redsla – at ein blir lama av hjelpelausheit.

Blir tom for ord og berre vil grĂĄte.

For kva kan ein kome med –

utan om gode ord og trøystande ord –

når augene fortel at no kan det være slutt.

Frykten for framtida og dagane som kjem.

Frykten for ĂĄ ikkje overleve.

 

 

Det er inga trøyst å seie at ingen av oss overlever.

For det er ikkje dèt det er snakk om.

Det er snakk om ĂĄ overleve kvardagen.

Kvardagane som det er mest av.

Ja, vi skal alle døy ein dag.

Men ikkje no.

Ikkje akkurat no.

For no er det sĂĄ mykje som gjenstĂĄr.

Det er sĂĄ mykje ein skal gjere.

Og ein er alt for ung.

 

Kva veit vel eg, utan om å gi trøystande og oppmuntrande ord?

“Du har ikkje lov å gi opp” – nei pokker heller!

Det gjeld ĂĄ stĂĄ saman.

Gi støtte og gode ord.

Eit steg om gongen – i fellesskap – åleine.

Om det er fysisk eller psykisk – andre årsaker – lyft hode og sjå mot himmelen.

Sjå om du ser eit glimt av den blåe himmelen – sola – ei sky – fuglane.

Lys gir håp – håp gir lys – lys og håp gir styrke og glede.

Det er sĂĄ mange kampar ĂĄ kjempe.

Alle har sitt – men det er så viktig å bry seg.

Kva veit vel eg om kampen for å overleve – utan om det som er mitt –

det eg har sett og høyrt.

Noko gĂĄr sterkt innpĂĄ og anna litt meir pĂĄ avstand.

Men det handlar om ĂĄ bry seg litt.

Lys og hĂĄp gir styrke og glede.

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
18.10.19

 

 

#bryseg #psykiskhelse #fysiskogpsykiskhelse #lysoghĂĄpgirstyrkeogglede #lysoghĂĄp #minedikt #etdiktomdagen

4 kommentarer

Siste innlegg