gratulerer med dagen

~¨   17. Mai på Runde   ~¨

 

HIPP HIPP HURRA HURRA HURRA

 

I godt lag med Marita og Jack pluss hundane Lexi og Leia.

Sjølv om ikkje Leia ville bli venn med Lexi – så gjekk det jo heilt fint 😀

Berre lekkert!
Og i sekkane bar vi på godsaker for 17. mai lunsj i fjellheimen.

Hmmmm  sau i vegen!

Men ikkje noko problem om man møter sau, for dei er passe skeptiske til både hund og mennesker.

Stor-joen ligger ganske nærme stien,
og det var vel Leia som skremte den til å flyge avstad…..
Jaja, fekk no eit bilde allikevel.

#sjølfie

 

 

Å gå i fjellet med bunad, dress og slips, er ikkje kvardags akkurat, men på 17.mai er det heilt innafor, meinar iallefall eg.
Og i dag vart vi godt fotograferte av turistar, kan man godt seie.
Artig det!


Og for eit strålande vær på denne dagen vår 🙂

Sjølv om skodda låg og trykte ute i havet, varma sola på Runde, og vi storkosa oss.

 

 

 

 

Planen var at lunsjen skulle inntakast på Runde fyr, men der låg skodda så tett, at vi valgte snu og gå tilbake til Lundeura og nyte medbrakt mat og drikke, der.


Eg falt pladask for bunaden til Marita.
Akkurat passe lengde på den lekre bunaden, synes eg.

Kan det bli bedre???

 

Så ruslar vi heimover.


Og det kom eit lite tilsig av meir skodde då vi kom opp fra varmen i Lundeura.

Stakk innom Inguna og Knut Asle på returen også, og tok ein kaffe og is.

Heilt perfekt!

Tusen takk, Marita og Jack!

 

 

#bunadifjellet
#sunnmørsbunad
#Runde
#bunad
#selfi
#natur
#skodde
#17mai
#dressogslipsifjellet

7 kommentarer

Siste innlegg