klegg

 

 

 

 

Eg veit ikkje heilt….
Eg har den der dårlege samvittigheita eg.
Og du seier at den er ikkje bra å ha.
Den må du kvitte deg med!

 

 

Men,
korleis verte ein då?
Når ein ikkje har den dårlege samvittigheita?
Verte ein likeglad?
Eller tenkjer ein berre meir glade tankar,
og lar resten segle sin eigen veg.

 

 

Eg veit ikkje,
for den dårlege samvittigheita er som ein klegg.
Vil riste den av,
men til hardare syg den seg fast.
Som om eg eller den ikkje kan stå åleine.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
13.11.18

 

 

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #klegg #samvittigheit #stååleine #minedikt #poesi #tankarblirtilord #blogg

godt vi ikkje veit

Bærre ein telefonsamtale,
og planane for dagen leggast bort.
Så vart det noko anna
enn det som var forventa.
Slik er det.

 

Ein planleggjer,
også blir forventningane til
frustrasjon og oppgittheit.
Deretter aksept for kvardagens hendelser.

 

Livet.
Overraskelsar rundt mange svingar.
Godt vi ikkje veit.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
07.11.18

 

 

 

#telefonsamtale #mettejosteinsdatterkvalsvik #etdiktomdagen #overraskelsar #rundtmangesvinar #aksept #kvardagenshendelser

raud badedrakt

Du rundar neset og kjenner følelsen bre seg i kroppen.

 

Strekket innover i bygda.

Husa.

Butikken til høgre, og der………..

Huset dei stod og vinka frå.

Kjøkenvindauget – to haud tett i tett – hender som vinka – stovevindauget – vi var framme.

Gjerdsvika.

Mitt barndomsparadis.

 

Eg har ofte måtta stoppa enten før eller etter at eg har passert huset, for tårene kjem.

Oppveksten i bygda der, med mine flotte “ekstra besteforeldre”.

Mamma sin tante og onkel som var barnlause.

Og vi – som deira eigne – Aslaug og Petter.

Det var noko godt over huset og heimen, over menneska.

 

Ja – for det er det eg har som minne.

Bestefar og bestemor i Gjerdsvika.

Den blå tripp trapp stolen, dei gode sengane med kvitt sengetøy, det spanande loftet med alt det rare, bestemor sin svarte pels som hang der og kamferdrops på kjøkenet.

Fargane i ingangspartiet, kjellartrappa og dei svarte syklane.
Bestefar si jordbæråker og Svanhild som bodde i andre etasje.

 

Og den raude badedrakta eg fekk av Synnøve.

 

Synnøve med det lange håret heilt ned på midja, i to fletter.

Den raude badedrakta som eg elska.

 

Gud kor stolt eg var over å arve den raude badedrakta.

Eg hadde ikkje hatt slik flott badedrakt før.

Og vi bada på stranda ned for huset til Rolf.

Og Synnøve var den flottaste i Gjerdsvika.
Og vi fant på dei artigaste ting.
Synnøve var eldre enn meg,
og leika vel mest med mine eldre brødre,
men eg såg opp til ho med det lange håret, i to fletter,
og den raude badedrakta.

 

Og når du rundar neset og ser den raude badedrakta framfor deg, og tankane fyk med vinden, då kjem følelsen av saknet.
Det som var.
Og at det var gode dagar og at du ikkje ville vore det forutan.

Minna.

At ei raud badedrakt gir slike sterke følelsar…………..

Det betyr at dagane var gode.

 

 

 

#daganevargode #godedagar #raudebadedrakta #badedrakt #følelsar #minner #godeminner #fortid #barndom #blogg

og du rullar med augene

Kvifor?

 

Kvifor er det negatitvt å blogge?

Blogger du?

Være på instagram?

Dele på media?

 

Jau, eg er ikkje ein FEM-PÅ TOPP bloggar.

Og det er ikkje alt ein treng å dele.

 

Men…….

Eg likar å dele.

Likar å dele frå kvardagen.

Likar å dele mine dikt og mine turar, mine opp og ned-turar – fjell og fjøre, hund og katt.
Fysisk og psykisk helse.
“Den usynlege sjukdomen”
Trening – livsstil og mat.

 

Ja, så brettar ho ut nåkre bilder – desse selfiane – og trur ho er noko.

(JANTELOVA)

 

 

 

Nei, eg trur ikkje eg er noko anna enn meg sjølv.

Og veit du kva?

Eg lever i dag!

 

Veit du – er du klar over – at dagen i dag har ingen garanti?

 

At fortida har du, men framtida har du ikkje.

Du har akkurat her og no.

Sekunda og minutta og timane blir til mens du pustar.

 

Kvifor er det så viktig å snakke ned kva andre gjer?

Rulle med augene og riste på haude.

Eg lever livet mitt eg – dag for dag.

Prøvar å gripe dagen, leve etter beste evne, og ikkje tenkje for innvikla.

 

Om eg bloggar eller legger ut eit bilde eller tre…….

Du får skrolle vidare då, og ikkje hengje deg opp i kva EG gjer.

Kva gjer du?

Eller, kanskje du IKKJE gjer noko?

Kanskje du sit på gjerdet og følger med på det dei andre gjer, for å ha noko å styre med?

 

Ingen seier at alle skal være på offentlige media.
Kvar si interesse der, tenkjer eg.
Og vi er heldige og kan velge 🙂
Men om ein då har interesse for det, så er det vel greit det?

 

Livet, det er her og no.

 

Og eg vil gjere det beste ut av det, og glede meg over alt eg KAN utrette.

Om det er å være på blogg og dele mine turar, være i godt lag med venner og familie, gå den lange turen, den korte turen, rydde hus, dra på kafè, legge ut ei historie………
Eg elskar å fotografere!

Ja, nokon “må” gjere det også, så du har noko å følge med på……..

 

For du er kanskje ein av dei som ikkje legg ut noko sjølv, men er inne og ser på alle andre.
Og det er lov det også.

 

Opp til kvar enkelt!

 

Men det beste er jo om ein sjølv lagar seg gode dagar og ikkje hengjer seg opp i alt andre gjer.

Eg har ikkje dermed fått mykje kritikk for at eg bloggar.

Høyrer mykje positivt 🙂

Og mange les eller er innom bloggen – og det synes eg er veldig kjekt.

 

Det eg synes er så rart, er at folk er så enormt opptatt av kva andre gjer, utan å gjere noko i eige liv.

 

Ikkje alle bloggar er like, og ikkje alle innlegg er like.

 

Det fins så mykje spanande i bloggverden;
interiør, mote, reiser, tips til bøker og filmer og serier og turer.
Helse, hud og hår, fysisk og psykisk helse, trening, mat.

 

 

Og det er så mange hyggelige mennesker bak desse bloggane.

 

 

Så har vi lyst å dele av oss sjølve då………

Eg storkosar meg med blogg.

Fortel om turar og opplevingar.

Deler mine dikt og mange gode minner.

Deler mat-oppskrifter eg er fornøgd med.

Vi er ikkje like, nokon av oss.

 

Eg har nok rulla med augene eg og – det er ikkje det eg seier.

Men eg har lært meg å akseptere at vi er forskjellige, og at vi ikkje likar det same.

At vi har kvar vår bagasje – på godt og vondt.

 

Eg er opptatt av dette å gripe dagen.

 

Sjå det positive i ting, og ikkje snakke ned.

Eg prøvar berre å seie at det er DETTE livet du og eg har.

 

Og eg har ikkje tenkt å site på gjerdet og dingle med føtene i mitt tildelte liv.

 

 

Eg elskar livet og naturen, og vil få med meg mest mogleg før eg forsvinn fra jorda`s overflate.

 

 

 

#bloggverden #bloggere #blogg #livet #gripdagen #carpediem #rullemedaugene

tårene

Tårene pressar på.
Det er berre slik
av og til.
Heile verda
og
alt og ingenting sig på,
og overmannar deg.
Så mjauar katten
som nettopp har blitt sluppet inn.
Han skal ut igjen.
Og alle tankar berre flagrar
ut i intet,
mens katten jamrar og du kjeftar.
Det er jo tidleg morgon!

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
07.11.18

 

 

 

 

#tårenepressarpå #minedikt #etdiktomdagen #dikt #poesi #ordblirtiltankar #bildepåblogg #jamrar #tårene

svinne hen

Livet,
det å leve,
sjå andre leve,
sjå nokon svinne hen.
Livet er ikkje nokon dans på roser, alltid.
Livet kan være ganske tøft til tider.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
01.11.18

 

 

 

#livet #svinnehen #livetkanværegansketøft #etdiktomdagen #blogg

dans på roser


 

Livet kan være
som ein dans
på roser.
Det
KAN
være slik.
Heilt til livet
tek ein sving,
enten ein 
slak sving
eller
ein krapp sving,
og
det dansast ikkje lenger.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
01.11.18

 

 

 

#danspåroser #minedikt #etdiktomdagen #bildepåblogg #blogg #tankarblirtilord #dikt #poesi #livet

mislykket

 

 

 

HVA ER PERFEKT?

 

Hadde det vært en mal på det å bli mor og far – så hadde vi sluppet å “mislykkes” så ofte?

 

Det å bli mor – far – oppskriften – hvor er den?

Ingen oppskrift!
Ingen mal!

 

Så har du blitt mor da – og lærer langs med.

Hvor streng skal du være ?
Regler?

 

Viktigst av alt er kjærligheten og tryggheten.

 

Man lærer langs med – men – når barna blir tèn-åringer – da kan det bli vanskelig.

Barna møter nye krav.
Kommer inn i nye omgivelser ved skifte av skoler – nye venner – lærere.
Press.
Karakterer – klær – økonomi.
Det er mye som spiller inn.
Venner.

 

Men, så er det ikke alt man ser.
Barna du har hatt så god kontakt med, trekker seg unna.

Tèn-åringsfakter?

Ungdomsopprør?

Ikke alle kommer dit hen, men noen kommer dit.
Og mange får det vanskelig uten at det helt er forståelig.

Og foreldrene blir satt på sidelinjen – “teite foreldre” som ikke forstår………….

Men det er ok å være teit forelder av og til – for det å vise at man bryr seg og ER der – er så viktig.

 

Så er det ikke alt foreldre får med seg av ting som skjer med sitt barn.
Men, har man et åpent forhold til sitt/sine barn, der man vet at man alltid har kunnet komme med problemer – snakke om ting – så er ikke veien så lang, senere i livet, til de samtalene igjen.

Og det er det gode.
At du igjen er en ok forelder som lytter og bryr seg.
Selv om DU alltid er bak der i kulissene og følger med – litt på avstand – for ikke å tråkke over noen grenser.

Det er ikke godt å se sine barn slite – ha det vanskelig – gå igjennom vonde ting.

 

Åpenhet og kjærlighet.
Trygghet.

Og det finnes ingen oppskrift.

 

Hva er perfekt?
Er det den gode økonomien og det store huset og bilen?

 

Jeg tror ikke det 🙂

Ingenting er perfekt.

Man må bare være der for hverandre.

 

Egne erfaringer med foreldre som brydde seg hakket for mye i perioder – “teite” foreldre – den gang.
I dag forstår jeg det så godt.
Og jeg er takknemlig for den oppdragelsen JEG fikk.
Trygghet og kjærlighet i fokus.

Og den “malen” eller “oppskrifta” er den man tar med seg fra sin egen barndom og oppvekst.
Fører den videre i dagens samfunn.

 

Av og til mislykkes man……………….
Man lurer på hva som er det perfekte………….

 

Det finnes ikke noe perfekt!

 

Vær der for barna – vis at du er glad i de – trygghet og kjærlighet.
Regler – tider å forholde seg til.
Snakke sammen.
Lytte.
Gi råd.

 

Jeg vet at jeg tenkte en periode at å oppdra barn er det vanskeligste jeg har gjort.
Følte meg av og til mislykket som mor – blei redd – og forstod ikke hva JEG gjorde galt.

 

Men det er jo bare slik at ingen barn er like – ingen foreldre er like – og behovene er så individuelle.

 

Nå er barna voksne og jeg følger de videre i deres liv og deres valg.
Sorger og gleder går hånd i hånd.

 

Si at du er glad i dine <3

 

Alle trenger å høre at de betyr noe <3

 

FOR STØRST AV ALT ER KJÆRLIGHETEN

 

 

 

 

#betynoe #gladi #barn #voksne #tenåring #ungdom #livet #oppdragelse #kjærlighet #forstørstavalterkjærligheten

akkurat her

 

 


mange
minner
og
epoker.
En 
evighet
av
opplevelser.
En
livslang
læring
og
bekjentskaper.
Ikke
la
det
stoppe.
Jeg
vil
være
akkurat
her
i
verden.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
26.10.18

 

 

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #verden #dikt #poesi #tankerblirtilord #minner #epoker #livslanglæring #bekjentskaper #heriverden