bunad i fjellet

 

 

 

 

Morgondagen er like rundt hjørnet, og eg har mine eigne planar.

Morgondagen, grunnlovsfeiring, “du må stille”, og du må………

Eg har “måtte” i mange år, men ikkje no lenger.

Eg velger sjøl.

Ein gjorde som forventa når ungane var små.

Var med på det som var forventa.

Ikkje alltid var økonomien på same lag, men det gjekk på eit vis.

Det å være aleinemamma er ikkje berre berre.

Sjølvalgt, men dog, tøft.

Og sjøl om ungane har flydd ut av redet, feirast 17. mai kvart år den.

Ein flott dag, og ein viktig dag.

Men eg velger sjøl kva eg vil gjere.

Forpliktar meg ikkje lenger.

Føler at det er min rett å velge om eg vil gå i tog, feire i bedehuset eller rett og slett ta turen ut av

bygda og gjere andre ting.

Eg velger meg fjellet den 17. mai!

Det er det eg velger dette året, og det var det eg valgte forrige året.

Kva eg velger til neste år, det får bli til neste år.

Å velge sjølv, det er ein rett vi har.

Det skal ikkje “forplikte” å bu i ei bygd.

Iallefall når ein er aleine og har hverken barn eller barnebarn å ta hensyn til.

Då kan ein vel ta hensyn til seg sjøl og eigne ønsker for denne flotte dagen?

Eg velger meg fjellet denne dagen, og i morga er det meldt strålande ver.

17. mai i fjellet med bunad!

Det er det eg velger meg på ein slik dag.

Eg veit ikkje om noko flottare enn bunad i fjellet på en grunnlovsdag.

Eg tek meg den retten å velge vekk bygda – og den tradisjonelle feiringa.

Eg velger sjøl!

Kva naboen tenkjer?

Bygdefolket?

Ja, dei himlar vel med augene og synes det er forferdeleg at eg ikkje stiller på ein slik dag.

Eg har stilt nok og velger sjøl!

Og kva slags holdninger er det?

Om alle tenkte som meg blir det ikkje 17. mai-feiring lenger.

Ja, kanskje har du rett i det………….

Då får vi slå saman fleire bygder då, og feire denne dagen i lag med fleire, for det går det også.

Eg velger sjøl og velger meg fjellet, og eg gler meg!

17. mai!

#bunadifjellet #17maifeiringifjellet #fjelltur #egvelgermegfjellet #bunad

10 kommentarer

Siste innlegg