Dagen.

 

 

 

DAGEN

 

SÄ kom dagen det vart tungt Ä vÄkne til.
Smertene som var glĂžymt, var tilbake.
Ikkje det at det var sÄ overraskande, for det har hangla og gÄtt lenge.
Men det er det det gjÞr, hanglar og gÄr, heile tida.

 

Og det er det eg og andre mÄ takle.
Kvardagshanglinga.
Eit nytt ord?
Kvardagshangling.
Kanskje det.

 

Det er pÄ sllike dagar eg oppdagar pÄ nytt, kvar gong, 
at eg har Fibromyalgi, og nÄkre tilleggstitlar.
Det er ikkje sĂ„ mykje anna som hjelper, enn smertelindring og “ro”.
Eg som ikkje har tid til “ro”.

 

Men eg har lĂŠrt eit og anna etter Ă„r med smerter.
At “ro” mĂ„ ein gi seg, uansett.
Ro, stillheit, inget stress, og meistring.
Smertemeistring.
Har det vorte slik at eg meistrar det meste?

 

Det er enno slik at folk ikkje trur du er sjuk, fordi du meistrar.
Hadde eg ikkje meistra, hadde eg ikkje kunne gÄtt med hodet hevet, 
gÄtt pÄ arbeid, eller vist meg ute blant andre.
Slik er det berre.

 

Av og til er det eit steg fram og to tilbake.
Men som regel gÄr det berre framover.
SÄ da fÄr eg gripe dagen, meistre smertene, nyte livet
og gÄ eit steg fram.
Carpe diem!

 

mette j kvalsvik
juni 2013

Det er over 2 Ă„r siden dette ble skrevet, og tidene forandrer seg og situasjoner blir bedre.
Man lĂŠrer om seg selv hele veien, og takler/mestrer langs med.


 

 

Hei! 

Ønsker dere alle en flott sommerdag 🙂

 

 

 

#minedikt #dagen #smerte #etstegframogtotilbake #revmatisme #fibromyalgi #smertelindring #blogg #dikt

Årstider.

 

 

ÅRSTIDER

 

PÄ ein dag har alle 4 Ärstidene vÄre innom.

Merkeleg.

Vinden og sola kjempar mot kvarandre, ser det ut som.

Vinden riv og slit i kleda, men den er kald, sÄ vi pakkar tettare rundt oss.

SÄ kjem sola og strÄlar pÄ oss, og vi lettar litt pÄ innpakninga.

Nesten som i eventyret der sola og vinden konkurrerar om kven som er sterkast.

 

Det er over midten pÄ april, og ein ventar pÄ vÄren.

Den prÞvar seg, vÄren, men slepp ikkje heilt til.

Det blir grĂžnt her og der og knoppar og spirar dukkar opp over alt.

Men kulden vil ha fyrste plass, sÄ litt hagl og snÞv slepp fram.

Ja, det er voldsomme snĂžv og haglebyger i vindkasta.

Men sola vil vÊre med, sÄ ho kjem fram og tÞrkar det opp.

 

Hausten ligg i dvale, og har god tid pÄ seg, fÞr den skal trÄ til igjen.

Det er vinteren som ikkje finn sin plass, og ikkje vil legge seg i dvale for ei stund.

VÄren vil sÄ gjerne.

VĂ„ren vil plĂžge veg for sommaren.

Forberede oss alle pÄ ei varmare Ärstid.

VĂ„ren kjempar mot kong vinter, og ein veit kven som vinn til slutt.

Det er sÄ klart vÄren.

 

 

mette  josteinsdatter kvalsvik
april 2013

 

#minedikt #Ă„rstider #plĂžgeveg #blogg

Dagen.


 

 

 

DAGEN

 

TA DAGEN SOM DEN KJEM.

OM DET ER REGN ELLER BLÅ HIMMEL, VIND ELLER VINDSTILLE.

DU TEK DINE VALG PÅ VEGEN, OG DEN BLIR TIL, DAGEN, LITT ETTER LITT.

SMIL TIL VERDEN OG VERDEN SMILER TILBAKE.

GRIP DEN, DAGEN.

 

mette  josteinsdatter kvalsvik
 april 2013

 

 

 


 

 

 

 

Hei!

Ønsker alle en god lþrdag 🙂

 

 

 

 

#dagen #minedikt #tadagensomdenkjem #blogg #tankar #dikt