Å omfavne naturen.

 

 


 

 

 

Å OMFAVNE NATUREN

 

Glede for evna til å utforske og sjå alt det nydelige naturen prøvar å vise.

Ta inn det gode og vakre.

Omfavne.

Sansane vi har til å sjå, lytte og smake naturen.

Omfavne det spektakulære og storslagne.

Vår vakre natur, god i det eine øyeblikket og nådelaus i det neste.

 

 

mette j kvalsvik
 april 2013

 

 

 

 

Ønsker dere alle en god dag og en flott helg!

 

 

 

 

 

#omfavnenaturen #omfavne #minedikt #hobbyfotografering #tankar #natur

Nyt.

 

 

NYT

 

 

Eg er forelska i livet og alt som involverar det.

Nyt.

Ein velger til ei viss grad sjølve kva ein vil ha i livet.

Noko får ein og anna får ein ikkje.

Eg føler mine brikkar faller på plass litt kvar dag.

Så er det det å gripe dagen.

Nyt.

 

 

 

mette  josteinsdatter kvalsvik
 april 2013

 

 

 

 

 

 

 

 

 

#forelskailivet #nyt #minedikt #bilder #dikt
 

Diagnoser.

 

 

DIAGNOSER

 

Det er så greit å ha knaggar å henge ting på.
Slik er det å få diagnoser.
Eg har et par tre diagnoser, og ein av de er FIBROMYALGI.
Den knaggen er ganske full og tung, men den er der.

Etter fleire år med frustrasjon, redsel og tonnevis med smerter, kom diagnosa.
Da hadde alle røntgenbilder og prøver sagt at eg feilte ingenting.
Eg kjenner til det å være så langt nede fysisk og psykisk,
at orket ligg langt inne for å komme seg opp og fram.

På ein måte vart Muritunet redninga og vegvisaren min.
Eg måtte gå inn i meg sjølv og finne ut av ting og ta bestemmelser for framitda.
På Muritunet var eg på gruppe med tilsaman 11 flotte personar i alle aldre.
Menn og damer.

Der kom mine to fyrste dikt på papiret.
Takka være stor inspirasjon frå alle flotte personligheiter i gruppa mi,
i frå andre grupper, og frå dei flotte inspirerande ledarane.

Å leve med daglig smerte er ikkje enkelt.
Men ein venner seg til den, sakte men sikkert.
Så kjem dei, dagane du faller langt ned, og den daglige smerta har 
vorte tidobla eller meir.

Det er nesten uuthaldeleg, men det går over, sakte men sikkert.
Usynlegheita med sjukdommen gjer at folk trur du lyg om sjukdommen.
Nesten ingen eg veit, som har FIBROMYALGI, har ein dag lik.
Og ingen har same smerta.

Mange er uføretrygda på grunn av FIBROMYALGI.
Eg er ikkje der, men klarer allikevel ikkje prestere 100 prosent.
Eg har godtatt og hatt oppgjer med meg sjølv.
Eg klarar det eg klarar, og grensa veit eg kvar ligg.
Da har eg komt langt.

Ein har komt langt når ein har aksepert at slik er det.
Og derfra gjere det beste ut av kvar ein situasjon.
Feiler det deg noko då?
Du som ser så sprek ut, og går i fjellet heile tida?

Hadde folk berre visst kva arbeid som ligg bak.
Kva alle fjellturane kosta av smerte og vilje.
For meg er det ein gevinst i kvar tur eg går.
Og det er ikkje kvar dag kroppen vil.

“Ein kvar har ansvar for eiga helse”.
Eg tek ansvar for mi helse.
Livet er herleg, og eg står midt i det.
Eg prøvar å gripe dagen med heile meg.

Utfordringar er det langs med, men å gi støtte og oppmuntrande
tilbakemeldingar, er viktigt.
Eg har mine støttespelara, og all ære til dei.
Hadde ikkje klart meg hverken utan mine barn, foreldre, venner, og ellers
alle andre der ute.
CARPE DIEM!

 

mettekvalsvik
 april 2013

 

 

 

 

 

 

 

 #diagnoser #eigahelse #ansvar #knaggar #fibromyalgi #dagligsmerte #taansvar #sjukdom #ordogtankar #blogg #revmatisme
 

Lysglimt.


 

 

LYSGLIMT

 

Kva hjelper det om eg seier opp, og du seier ned?

Kva hjelper det om eg seier ja, og du seier nei?

Kva hjelper det, når alt blir til det negative?

Kva hjelper det da, å være positiv?

Hjelper det?

 

Ja, eg får ha trua på det positive.

Uansett håplausheita.

Det er bedre at EN er positiv, enn at alle skal sjå mørkt på det.

Kva hjelper det?

Lysglimt.

 

 

mette josteinsdatter kvalsvik
mars 2013

 

 

 

 

 

#minedikt #lysglimt #blogg 

Kvifor.


 

 

 

KVIFOR

 

Kvifor skal det være slik, at vi alltid får det for oss; kva vil dei seie?

Om du har gjort noko, sagt noko, skal til å gjere noko,

har eit ynskje om noko, men kan ikkje.

Kvifor?

 

Fordi nokon andre seier du ikkje kan,

det er galt, feil, umoralsk eller kva.

Og vi høyrer på det.

Og det hindrar oss i livet vårt.

 

Kvifor har nokon ei slik makt?

Det er ubehageleg.

Det er ikkje alltid dei som sit med makta,

er dei som tek dei rette avgjerdsle.

 

Kvifor kan vi ikkje få tru at vi er noko, 

om vi ynskjer det?

Skal vi la jantelova og nokre utanforståande bestemme livet

og valg vi gjer, som er rett for oss?

Kvifor?

 

 

mette j kvalsvik
 mars 2013

 

 

 

 

 

 

#minedikt #kvifor #ord #tankar #blogg #truatviernoko # makt

Vår!


 

 

VÅR

 

Jublande herleg.

Det er vår!

Solrike dagar, det spirar og gror.

Sildrar i bekkar og kvitrar i lufta.

 

Du går der og trekker inn den herlege våren,

og glemt er den mørke og kalde vinter.

No gjelder lyset og gleda, over alt som har ligget i dvale under vinteren her.

 

Det kjem fram under steinar og gras, under smeltande is og bekkkar små.

Dei grøne spirane som gjer alt så vakkert.

Det er vår og jublande herleg.

Kvitre, kvitre.

 

mette j kvalsvik
 mars 2013

 

 


 

 

Ønsker dere alle en god søndag 🙂

 

 

 

 

#minedikt #vår #bilder #fotografering #hobby #smeltandeis #bekkar #spire

Mektige Molladalen.

I dag gjekk turen til mektige Molladalen. Inne i dalen er vi på 774 moh, og mulighetene for å gå videre oppover og over til Standal, er der. Og opp mot tindane – klatreeldorado for de som er interessert i det.

Været er perfekt. Klokka er 10.00 når vi kjører mot Ørsta og videre mot Barstadvika, der vi tar opp til høgre ved butikken. Kjører til veien deler seg. Åpne poren og kjøre gjennom der, eller kjøre til venstre og videre fremover. Uansett treffer du på bomstasjon der du legger 20,- for bil, i en konvolutt, og får kvittering som legges i vinduet på bilen. Det er privat vei, så da må en hjelpe til med vedlikeholdet 🙂

 

Vi parkerer bilen, og det står allerede 4-5 biler der. Pluss noen til rundt ved hytter.

 


Det er godt skilta her nede ved parkering.


Flere på vei 🙂  Vi går i bjørkeskog første del av turen, med lysninger innimellom.


Så åpner det seg og den mektige dalen ligger foran oss.
 


En gruppe har stoppet ved første vannet, for pause og matinntak. Vi følger stien videre for å gå helt inn, før vi setter oss til rette. I dag var det mye folk i fjellet.


Tindane kom ikke helt frem i dag, men tåka var til og fra hele tiden. Fantastisk å sitte å se seg rundt her oppe i dalen. Spektakulært. Mye snø dette året, og kalde netter gjennom våren og sommeren, gjør at det ennå er en del snø som ikke er smeltet vekk i fjellet her. Is på vannet.


Fjellet står og spegler seg i det flotte vannet 🙂
 


Vi vandrer tilbake, og går øvste stien ned mot kjettingen. Det er et lite stykke der en må klatre med kjetting. Går helt fint 🙂


Bare å nyte.


Nesten nede ved parkeringen.  God sti å gå på hele tiden.
 

 

God tur !

 

 

 

 

 

 

#fjelltur #molladalen #tantejente #sologskyer #tinder

Akseptert.


 

 

AKSEPTERT

 

Så er det slik da.

Det er akseptert.

Etter mange runder og diskusjoner, er det forstått.

 

Slik er det.

Du er fanga.

Ingen overraskelse det, men sårt er det.

 

Kunsten er å kome seg ut av fangenskapet.

Ja, slik er det.

Du kjem deg vel ut derfra?

 

Akseptert situasjon, men ikkje godkjent på lang sikt.

Slik er det.

Akseptert.

 

mette j kvalsvik
 mars 2013

 

 

 

 

 

 

 

#akseptert #minedikt #blogg

Augene fortel.

 

 

 

 

 

AUGENE FORTEL

 

Du ser det, i augene.

Fortvilelsen over å bli forlatt.

Gleda når du kjem og blir verande,

og angsten når tid for “hadetbra så lenge” kjem.

 

Augene og smilet i samarbeid, og augene og smilet kvar for seg.

Oppgidde auge.

Blanke auge av glede og av sorg.

Du ser det i augene.

 

mette j kvalsvik
februar 2013

 

 

 

Hei og god morgen 🙂

Ny dag og nye muligheter !

 

 

 

 

 

 

#minedikt #augenefortel #gledeogsorg #blogg #ord #dikt

Vindauget.


 

 

VINDAUGET

 

Eg går forbi, ja nesten kvar ein dag.

Eg kikar opp, og ser om du er der.

Stundom klaffar det, og vi vinkar til kvarandre.

Då kjenner eg gleda over kontakta vi har.

Kontakt gjennom vindauget, med smilet og handa som vinkar.

 

Andre gongar er det ikkje liv i vindauget.

Då tenkjer eg dei nok ikkje er heime.

Men saknar vibreringa i gardina og smilet og handa.

Det er ikkje meir som skal til.

Eit smil og eit vink.

 

mette j kvalsvik
 mars 2013

 

 

 

 

 

 

Ønsker dere alle en flott dag ute i sommeren 🙂

#vibreringigardina #vindauget #minedikt #blogg