Inne i mitt hode.

 

 

INNE I MITT HODE

 

Inne i mitt hode er det mange tankar.

Det svirrar.

Inne i mitt hode kjem draumane til liv.

 

Mine fantasiar, mine idear, mine reiser.

Inne i mitt hode der er allting lov.

Ingen ser og ingen dømer.

Inne i mitt hode er eg fri.

 

mette j kvalsvik
 november 2012

 

 


 

 

God morgen 🙂

Det regner ute, og skodda ligg ned i fjella.

Vi har finever i vente men enn så lenge får vi kose oss så godt vi kan i det veret som er, og i den tiden vi har 🙂

Carpe diem!

 

 

 

 

#minedikt #inneimitthode #blogg #fri

Mørketid.

MØRKETID

 

Det mørknar ute.

Det legg seg i krikar og krokar, over alt, mørket.

Smyg seg lydlaust og legg seg som eit låk over oss.

 

Vi kikar opp, opp mot mørket, og der, tusenvis av stjerner glitrar mot oss.

Eit hav av blinkande stjerner under låket.

Det er mørketid, men dog vakkert.

 

Tende lys over oss og inne i kvar heim.

Ei mørketid som er lun og vakker, sjølv om ein ikkje ser alt.

Stjernene og lyset viser veg.

 

mette j kvalsvik
november 2012

 

Hei!

Det er mandag morgen. Ny uke og nye muligheter. Ha en flott dag der ute 🙂

#minedikt #mørketid #lyset #stjernene #blogg

 

Å vandre.


 

 

Å VANDRE

 

Frå vi er fødde, vandrar vi.

Framover.

Heile tida mot noko.

Men kva vandrar vi mot?

 

Mot barnehage?

Mot skule?

Mot arbeid?.

Mot vårt liv?

 

Vi vandrar I livet vi har fått tildelt.

Kvar enkelt har fått tildelt SITT liv og vandrar I det og mot det.

Kva vi har i vente i vår vandring, veit ingen.

Ein dag av gangen.

 

Vi vandrar mot planar og idear.

Nåkre rekk vi og andre rekk vi ikkje.

Heile livet, ei vandring i kunnskap og forståing, undring og redsle.

Vandring i håp og kjærlighet for vårt liv og andres liv.

 

Ei vandring på vår jord.

Vandring i vårt tildelte liv.

 

mette j kvalsvik
oktober 2012

 

 

God morgen og god søndag.

Bildet jeg har brukt i dag er malt i 2014, og minner meg litt om en slags vandring, om en ser nøye etter.

Ønsker dere alle en flott dag.

 

 

 

 

 

#minedikt #åvandre #blogg #liv

Å elske.

 

Å ELSKE

 

Kva er det, å elske?

Jau, det er noko som kjem fra det innerste, inste i deg sjølv.

Kanskje kjem det fra hjarte?

 

Det er noko ein ikkje kan styre, iallefall.

Det er noko som byggjer seg opp, steg for steg.

Og ein dag svulmar byggverket over.

 

Då oppdagar du at du elskar.

Er du då fortapt eller kva?

På ein måte har ein kanskje vunne noko.

 

Det er ikkje alle som kan elske.

Denne følelsen kan være for dine nærmaste, 

eller ein du er glad i.

 

Det er ein enorm ting, det å elske.

Kanskje ikkje godt beskrive, som ein ting,

kanskje ikkje godt å sette beskrivelse for, i det heile tatt.

 

Å elske.

Det kjem innanfrå ein stad,

det er iallefall heilt sikkert.

 

mette josteinsdatter kvalsvik
oktober 2012

 


 

God morgen 🙂

En ny dag er her. Herlig!

Blå himmel og det er sommer.

Her på disse kanter er det Fosnavåg Rock, og mange flotte artister har allerede vært på scenen. Jeg var vakt i går og skal være vakt i kveld. Det er greit å oppleve et slikt arrangement fra en annen side. 

Ta vare på hverandre der ute, for noen er glad i deg!

#minedikt #åelske #blogg

Treda.


 

 

TREDA

 

På rad og rekkje står dei her, treda.

Vakre årgamle tred.

Bladtomme på vinter, men vakre bladtunge på vår og sommar.

Ein kan enda stoppe ein regnversdag og nesten stå tørr

under dei store greinene.

 

Verner om en.

Treda.

Alt dei veit.

Nytt og gamalt.

Kanskje godt dei ikkje snakkar, treda.

 

 

 mette j kvalsvik
oktober 2012

 

 

Hei!

Ønsker dere alle en fin sommerdag 🙂

 

 

#minedikt #treda #blogg #årgamletred

Tru at du er noko.


 

 

TRU AT DU ER NOKO

 

Kva trur du at du er?

Hald opp med det der.

Ikkje kom her og tru at du kan stikke deg fram på den måten,

utan å få kritikk eller være dagens samtaleemne.

 

Er det ikkje best å bøye seg?

Innrøme at, nei, eg er vel ingenting.

Dei har rett, desse som trykkjer deg ned?

NEI!

 

Ikkje godta det.

Vær den du er, og vil være.

Stå rak, så godt du kan.

Vær stolt.

 

Tru på deg sjøl, og ikkje la andre bøye deg.

Vi er som treda.

Nåkre bukker under og tåler ikkje styrken i vinden,  mens andre bøyer seg meir og meir.

Så er det dei treda som står der rake og stolte og sterke.

Tru at du er noko!

 

mette  josteinsdatter kvalsvik
oktober 2012

 

 

 

 

God morgen 🙂

En overskyet junidag, der en kan finne på forskjellig, Det er bare å nyte dagen.

Bildet jeg har lagt ved i dag, malte jeg i november 2014, og fikk navnet : “Stay strong and keep your head high”

#blogg #minedikt #truatduernoko #stådegvel #minedikt #dikt #tanker #ord

Tre og røtter.

 

 

TRE OG RØTTER

Du står der, rak og majestetisk.
Du har stått der lenge, og laga dine inntrykk og minner i dine røter.
Dei veit mykje, dine røter.

Kva klokka var da skulen ringte inn og ut.
Kva klokka var da vi stod på trappa til søndagsskulen.
Ja, skule og bedehus nesten vegg i vegg.

Første skuledag – siste skuledag.
Elevane sin latter og gråt.
Paradis og ballspel, 60 meter og lengdehopp, sang og musikk.

Likeeins i bedehuset.
Latter og glede, tårer og sorg, sang og musikk.
Dine røter har fanga opp mykje, sjølv om det no har stilna litt rundt deg.

 

mette josteinsdatter kvalsvik
oktober 2012

 

 


 

Hei!

Ha en fortreffelig dag der ute 🙂
 

 

#treogrøtter #blogg #majestetisk #minedikt

Herlig!

 

 

HERLIG!

 

Livet er herlig!

Kjenne blodet strøyme igjennom kroppen.

Sitrande glede.

Herlig!

 

Å kjenne at ein er til, gjere ei forskjel.

Bety noko for nokon.

Herlig!

Jublande herlig å berre være.

 

mette josteinsdatter kvalsvik
september 2012

 

 

 

Desse tre bilda er tatt fra flotte Runde. Det er store muligheter i flott turterreng der ute. 


 

 

Hei og god morgen!

Det er så godt å bruke naturen 🙂 Enten om en er alene eller sammen med noen, å gå tur og bare nyte fjell, fjøre, hav og himmel. Vår flotte natur.

Ha en god dag der ute.

#blogg #liveterherlig #herlig #livet #glede #minedikt

Tone.

 

TONE

 

Tone.

Er det ein tone i musikk?

Ein note som gjev ein tone?

Eller eit navn?

Eller ein hår-tone?

 

Tone.

Ein kan velge sjølv, kva tone betyr.

For meg er tone eit navn, på ein person som forsvant.

Eit vakkert navn på eit vakkert menneske.

Tone.

 

mette josteinsdatter kvalsvik
september 2012

 

 

 

God morgen 🙂

Det er litt skodde ute, men bak skylaga er det blått så langt øyet kan se.

Ha en fin dag der ute!

#tone #menneske #minedikt #dikt #blogg

Hjertet.


 

 

HJERTET

 

Det skal nåke til, og få åpna eit hjerte.

Og kva som skal til, ja, det veit berre du.

Kom hit no, og bank på, så døra blir åpna.

Bank på med din kjærleik, og døra går opp.

Hjertet er åpna.

 

mette j kvalsvik
september 2012

 

 

 

God morgen!

Ønsker dere alle en god dag der ute. Solen har stått opp og himlen er blå 🙂

 

 

 

#hjerte #blogg #minedikt #bilde