heldig

Tenk så heldig
eg har vore.
Eg har vore med
på slåtten kvart 
eit år då eg var
lita.
Eg såg meg ikkje 
som heldig 
den gongen,
når eg 
MÅTTE
være med på marka.

 

 

Men,
eg med fleire,
jobba også på andre marka,
og tjente nåkre krone.
Eg hesja, tråkka silo,
henta inn tørt høy,
vi tråkka i høyvogn,
og sat på lasset inn i løda.
Eg har hoppa i høy
og leika rundt hesjane.
Og når tida kom,
ta ned staurane
og leggje på plass.
For ei tid det va!

 

 

 

mette kvalsvik
28.06.17

 

 

 

 

#minedikt #heldig #foreitid #hoppeihøy #nåregvarlita #tråkkasilo #tjente #dikt #tankar #bilde

Siste innlegg