ren poesi

EG VEIT IKKJE EG

Eg veit ikkje
kven eg er
eller kor eg kjem frå
eller kven mor mi og far min er
eller kva eg skal ha til middag
eller når eg har fødselsdag
eller korfor eg sit her
eller kva katten og hunden seier
eller kva farge det er på himmelen

eg veit berre
at det er deg eg vil kysse
akkurat no

Ragnar Hovland

 

 

#ellenwisløff #cappelendamm #renpoesi #ragnarhovland #poesi #tirsdag #egvilkyssedeg #egveit

8 kommentarer

Siste innlegg