eit blikk

 

 

DEN DAGEN

 

Alt byrjar så bra.

Ny dag, nye mulegheiter og nye utfordringar.

Men, det er den dagen.

Den dagen der ei setning, eit ord og eit blikk kjører deg rett i grøfta.

Den dagen ingen ting skal til for å få deg i ubalanse.

Den dagen alt sårar.

Det er den dagen som kjem, av og til, som ikkje er så enkel.

Men det er den dagen du verkeleg kjenner på ting.

Kjenner på følelsar inne i deg.

Det er den dagen du må ta det, og rydde opp i det.

Sortere tankane som roter det litt til.

Ja, den dagen kjem sånn av og til.

 

mettekvalsvik

 

 

 

#eitblikk #minedikt #dikt #etdiktomdagen #blogg #dendagen #tankar

 

 

 

 

Siste innlegg