Minner…..


 

 

MINNER

 

Heile deg, fullt av minner.

Ei spanande dagbok.

Det er så godt å plukke fram episoder fra farne dagar.

 

Gode minner om noko som var.

Kanskje ikkje alt var berre godt, men det ligg lagra inne i deg.

Du er eit vandrande oppslagsverk om det som har vært.

 

Husker du?

Ja kan du huske?

Det er godt å få være tilhøyrar til det som var langt bak i tid.

 

Alt du veit og alt du kunne.

Kor sterk du var.

Din kunnskap om det meste.

 

Du med dine og vi med våre.

Verdifulle minner som må takast fram no og då.

Verdifulle minner som med eit lynglimt kan være vekk.

 

mette josteinsdatter kvalsvik
august 2015

 

 

 

#dagbok #minner #minedikt #sterk #verdifulleminner #farnedagar

20 kommentarer

Siste innlegg