Fri


 

 

FRI

 

Gratulerer med dagen!

8. Mai og frigjeringsdag.

Eg veit ikkje om noko anna ènn eit fritt Norge, eit fritt land.

Mitt land.

 

Eg er oppvaksen med lærdom frå mine foreldre og besteforeldre.

Då krigen kom til Norge den 9. april 1940, og om kampen dei norske var med i,

for landet og folket fra 1940 til 1945.

Eg har sett mange filmar, men mine barn har vore på reis, og sett fangeleirar på nært hald.

Aldri meir må noko slikt få skje.

 

Eg er stolt over landet mitt og eg er heldig som har mi friheit.

Vi kan ikkje forestille oss kva dei gjorde, dei som kjempa for eit fritt Norge.

Hadde vi klart å gjere det same i dag?

Eg veit ikkje.

 

Det er andre tider.

Men vi må aldri gløyme.

Eg er takksam for dei som har bygd opp landet til det det er .

Gratulerer med dagen!

 

mette kvalsvik
8. mai 2015

 

 

 

 

 

 

 

#8mai #fri #stolt #minedikt #bunadifjellet #bilde #frigjeringsdag #dikt #gratulerermeddagen

16 kommentarer

Siste innlegg