100 % ansatt i eigen kropp

 

 

 

 

Du er trøytt og sliten.

Ikkje fordi du har jobba for mykje, rangla,

eller gjort andre ting som har teke kreftene dine.

Nei,

du har ikkje gjort noko i det heile tatt.

“Det einaste er at du er kronisk sjuk”.

Og dei kroniske smertene er av og til nesten uuthaldande.

Dei kroniske smertene stjeler all din energi, i tide og utide.

Den tappar deg for all viljestyrke og trykkjer deg ned.

Heilt frå hårrota og ned i storetåa.

Ingen dag er lik, men det som er,

er at smerta aldri heilt forsvinn.

Den ligger der og tappar deg.

Ikkje enkelt for utanforståande å forstå.

Men slik er det.

Det kostar krefter kvar einaste dag.

Og for monge blir det slik

at ein må sortere ut kva ein vil være med på.

Kva ein vil utsetje kropp og sjel for.

For det kostar.

Smerta kan site i rygg, hode, kjeve,

skulder, kne, hofte, mage, alboge, tær……

generelt i musklar, auge, tannkjøt,

ja…. heile mennesket er involvert.

Eg har sagt det før og seier det igjen;

å være kronisk sjuk = 100 % ansatt i eigen kropp.

Alt utover det er rein bonus.

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
03.06.19

 

 

 

 

 

#kronisksjuk #trøyttogsliten #etdiktomdagen #blogg #lørdag #minedikt #fotoglede #nrf #revmatiker #fibromyalgi

6 kommentarer
      1. Ja ikke sant! Men jeg synes allikevel det er vanskelig å være en god arbeidsgiver alltid…. pusher grensene… 🙂 Men er blitt flinkere ja <3

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg