dei dagane

Man velger ikkje sjølv – eller jau, man velger ein stor del sjølv
– korleis dagen skal verte.
Men ikkje heilt.
Ikkje alt kan forutseiast.
Mykje kan skje.
Alt kan skje.

Som dette med at det bøttar ned – i store bøtter og spann……..
Og vinden røskar i – bittelitt og veldig mykje…..
Og kroppen er som ein jojo i værskiftet som herjar no.
Sol og opplett – vind på nord og vind på syd og vind på aust og vind på vest.

Opp i alt dette kræsjar kroppen.
Den ropar ut si smerte rett og slett.
Og det er eg – EG – som kjenner dette ropet.
Ikkje du.

Om du kan tenkje deg den værste tannverk du nokon gong har hatt – så er det slik det kjennast ut når kroppen verkeleg ropar ut si smerte.
Å være revmatikar……..
Å ha diagnoser innan for det revmatiske………
Det fins så mykje der ute – men akkurat i dag trur eg at eg har det verst.
Eller er det DU som har det verst?
Berre eg og du veit det.

Men det er ganske så håplaust når ting detter saman.
Kortstokken er eit virrvarr – og den må sorterast og stablast på nytt.
Og på nytt og på nytt.
Fibromyalgien herjar fritt.
Slitasjegikten herjar fritt.
Smerta……

Eg velger å sei eg ikkje er vær-sjuk. 
For det har ikkje noko for seg å klage på været.
Men når kroppen er tung som bly og det heng ei sky over hodet og trykkjer deg ned, så kan man verte litt lei.
Men men……….
Ting går over – som også tannverk i kropp – regn og vind og værskifte.

Det er ikkje nåka god tid no for ein revmatikar – men det er no slik ein gong at dagen kjem og dagen går og vi med den og må gjere det beste ut av den.
Revmatikar eller ikkje.
Andre slit også med smerter – med andre diagnosar.

Den råe lufta har innverknad på så mykje.

Ta på ull – vær i bevegelse om du kan – og stå i det!
Det kjem betre dagar!

STÅ DEG VEL!

 

 

 

 

#værskifte #fibromyalgi #revmatisme #slitasjegikt #stådegvel #gripdagen #bevegelse #smertemestring #diagnosar #kortstokk #værskifte #kropssmerter #smerte #torsdag

 

19 kommentarer

Siste innlegg