turglad hund

Mandag og ny veke.

I dag vart det tur på 
Heid tursti og Hornseten.

Forandring frydar, seiast det, og det stemmer vel det 😀

Det einaste som ikkje er forandra i dag, det er vinden og regnet som er stabilt.
Stabilt voldsomt kan man trygt seie, til tider.
Det berre bøttar ned og vinden kaster regnet i bøtter og spann over oss.

Men, innimellom skin sola og då er det piskande regnet og den ulande vinden gløymd for ei stund.

Men men, vakker natur og gode klær og ein turglad hund gjer susen.

Det er opplett mykje av tida på turstien.


Men regnet fyker forbi ute i havet og det heng mørke skyer og truar.


Sol og skyer og regn og vind

Og motiva berre står der og ventar på å verte oppdaga 🙂

Fortsatt ganske fint å gå og regnet fyker forbi på plassar der VI ikkje er.


Traff Eva på tur.
Ho var på veg ned fra Hornseten – der det blåste en del 🙂


Gode kle er tingen 😀
Tommelen opp for #Bergans  🙂
Og gode #ullklær


Så begynner det blåse ganske godt – og vi nærmar oss toppen, og regnet som kjem fykande.


Vi blir ståande her, bak varden på Hornseten eit øyeblikk, for at det værste skulle forsvinne, men dinne gongen stoppa det liksom ikkje, så vi berre gjekk vidare……………..

Våt hund og våte regnkle.
Men torr på innsida.
Godt å ha gått ein tur og vite at det er varmt heime og ein berre kan vrenge av seg kleda og henge opp til tørk for neste tur.
Tørke hunden og gi ein tyggepinne.

Jepp, herlig start på dagen og veka!

 

 

 

 

#utpåturaldrisur #mandag #regnkle #vindogregn #hornseten #turstienpåHeid #hundenLeia #shetlandsheepdog #fosnavåg #morgentur #selfie

 

26 kommentarer

Siste innlegg