mine dikt


Nokon sa til meg,
eller rettare sagt, skreiv til meg
desse orda:

 


Eg er så glad for at du
har
“ei hånd som kan halde ein penn”,
og forme tankane dine
så nakne og vonde.
Men samtidig skrive 
det vonde litt vekk frå deg.
Slik at du kan sjå på det,
stirre det inn i “augene” og seie NEI.
Også lyfte blikket og sjå over det,
bortanfor det, og sjå alt det vakre som smilar
til deg.

 

 


Det traff meg så saligt.
For akkurat slik er det eg har det,
og det er akkurat slik eg gjer det.
Min terapi.

 


(Dette var ord fra bloggeren “dedicat”) til meg for en tid tilbake – som rørte meg.
Tusen takk!

 


Mette Josteinsdatter Kvalsvik
mai 2018

 

22 kommentarer

Siste innlegg