kvistadalskjerringane

SKÅRASALEN
1542 MOH

Søndagsturen sin det, i lag med Eva og Stig.

Yr hadde lovt sol og 18 grader og vi kjørte innover mot Ørsta og Kvistadalen.

Når vi kom fram var det fullt på parkeringa, nesten, men vi fekk no plassert bilen.

Og oppover det barst.

Sola varma og det var t-sjorte-ver.
Iallefall eit godt stykke oppover.

Vi traff på ein del som allereide var på veg ned igjen, og dei sa det blåste godt lenger oppe, men det var vindstille nesten, på toppen.

Mot toppen blåste det godt og skodda berre kom og breidde seg utover det heile – så vi såg ikkje hverken framom oss eller bakom oss ei stund. Men godt merka T så det var ikkje noko problem.


Så er vi oppe!
Det var nåkre der då vi kom, som sat og kosa seg med mat og drikke.
Veret kan ikkje ta ifrå oss turgleda og mestringsfølelsen 😀

Vi har klesskift i sekken – drikke og noko godt å bite i, så vi har det heilt flott på tur.


WE MADE IT!

Ditte er FJERDE turen min til Skårasalen 🙂
Og fyrste gongen det har vore NULL utsikt.
Så, eg veit kva vi går glipp av – for utsikta her oppe er berre lekker.
Eva og Stig har også vore her før.


Happy faces og Alfa-sko.


Jepp – må ha med dei to vardane også 😀

Eigentleg litt spesielt og vakkert oppe i skoddeheimen også.

I godt selskap gjer det ingenting at sola ikkje skin.


Sola skin bak skodda


Det var kaldt på toppen sjølv om vi skifta kle, så det var berre å starte på nedoverturen igjen.


Det er eit godt parti med berre ur – og både eg og Eva hadde knall og fall uten skadar.
Stein som rulla under føtene på oss og lausgrus som gjorde at vi sklei.
Men ingen problemer…………..
Vi var nok litt slitne også på vegen nedover.
Det tek på kroppen på ein annan måte når ein går nedover og må gå og “bremse” 🙂


Vakker haust


Toppen på andre sida der, som stikk opp, heiter “Langhornet” – det kunne dei fortelje dei som gjekk foran oss her, i bildet, då vi var komt ned til bilane.

Dei kunne også fortelje at dei svarte tindane vi ikkje kunne sjå i dag pga skodda, på vegen oppover, var kalla “kvistadalskjerringane” .
Og ka det var han sa mannen? Jau dei såg bistre ut kvistadalskjerringane, som så monge  kan være……….
Hmmmmmm
Kvinnfolk han snakka om….
Han må ha hatt dårlig erfaring med den sorten……….
heheheh
(Det var vel noke sånt han sa, Eva?)


Sliten, varm og fornøgd.
Snart nede!


Nede!

Total stigning på turen var 1027 meter.

Takk for turen, Eva og Stig 🙂

#skårasalen #fjelltur #utpåturaldrisur #skodde #søndagsturen #høst #fotografering #selfie #topptur #sunnmørsalpane #turglede #friluftslivetsveke #utinaturen #fjellsko

14 kommentarer

Siste innlegg