søndagstur

RUNDEFJELLET

Ja i dag måtte det bli tur dit.
Søndagstur til Runde.

Parkerer på parkeringsplassen i Goksøyra.
Det står allereide ein del bilar der, for eg er tidleg ute – som vanleg 🙂

Det er fortsatt turistar hos Inguna og Knut Asle.
Men det begynner dabbe av, med turistar, seier Inguna – då eg traff ho på veg tilbake mot bilen.

Men mykje folk i fjellet – sjølv på ein dag med veldig ustabilt ver.
Og eg traff på eit hyggeleg par som hadde tatt fly fra Berlin til Oslo og leigd bil for å kjøre rundt i Norge.
No budde dei  på Thon hotell Fosnavåg og skulle vidare til Sogn og fjordane og mot Stavanger og Preikestolen.
Men først var det tur på Runde for dei.
Eg sa til dei det, at dei har sett meir av Norge, enn det eg har gjort i heile mitt liv….
Så kanskje det må bli litt fleire turar i vakre Norge på meg også etter kvart. 
Det er mange stadar som står på ønskelista.


Det verkeleg fossar og brusar frå elva.

Det var eit yrande fugleliv i dag.
 Der ørna verkeleg viste seg fram for meg.
Den var så nærme at eg var heilt sjelven og opp i “øs” før eg rakk opp til 
Rundebranden.


 

LEIA


Fortsatt yrande liv her 🙂


I dag tek vi berre en kikk ned mot Runde fyr – og lar den turen vente til ein annan gang 🙂


Hausten har kome og fargane byrjar bli vakre.

Det var opplett på heile turen – og ikkje før eg stod og prata med Inguna, begynte det å regne litt – så heldige med den – sjølv om det ikkje gjer noko at det regner heller.

#Runde #fjelltur #ørn #shetlandsheepdog #hund #fugl #natur #goksøyra #søndag #blogg #fotografering

20 kommentarer

Siste innlegg