22.07.2018

Eg er heldig.

Lever det gode liv i eit rikt Norge.

Ja, det er det eg tenkjer, når eg går i fjellet i dag.
Eg har jobb, ein heim, familie og vener rundt meg.
Har det trygt.
Og på ein slik dag som i dag går tankane mine til alle som var rama av 22. juli.
Vi vart alle rama, men nokon so mykje mykje meir.

Og ein skal ikkje gå lenger enn ein tur i fjellet i nærområdet, for å oppleve at det skrevne ord kan rame.

At skrevne ord ikkje gjer godt.
Så lar vi orda berre forsvinne med vinden.
Vi gjorde det i dag, lot det fare med vinden, og
sjølv om det er seigt som sevja frå eit tre, det onde, som ligg og lurer, matar vi det ikkje.

Eg ynskjer at du klikker på lenken under her, og leser innlegget til :

EnSjokomansBekjennelser

Et godt innlegg!

Av og til oppdagar ein ting i kvardagen som rystar langt inn i sjela, akkurat som det som for med vinden i dag.

Eg har valgt å ikkje poste det fordi det ikkje er noko matnyttigt.

Vi vil alle leve i ei god vær, men vi har ulike måtar å sjå det gode på.

Turen i fjellet i dag hadde monge tankar.
Naturen er så vakker.
Ørna flyg fritt der oppe og livet er godt her nede.


Ein kan gå av seg mykje i fjellet.
I stillheita her ved “Børa” og ellers rundt om.
Sortere tankar og finne svar.


Eit andlete visar seg i det eg tråkkar over eit gjerde.

Vi veit ikkje alltid kva som skjular seg bak nokons andlete.
Men eg har trua på det gode <3


Det er vakkert her ute i havgapet, og vi er heldige.
Eg er heldig.
 


Det er ein merkedag i dag på mange måtar.

Men, eg har også ein storebror som har bursdag i dag, og det skal ein ikkje gløyme heller.

Gratulerer med dagen til Per-Arne som har vorte eit år vaksnare i dag.

22. juli for ettertanke og påminning, men også for feiring

#22juli #fjelltur #natur #okla #børa #bygda #ensjokomansbekjennelser #blogg #søndag #fotografering #naturbilder #foto
 

14 kommentarer

Siste innlegg