heimelaga

HYLLEBLOMST-SAFT

Ja denne vart så god at eg rett og slett måtte til å lage meir, så det varer heilt til neste sesong 🙂

Iallefall fant eg ut at eg ville lage et par liter til.

Om du klikkar på linken under her, i bildet, så kjem du inn på innlegget sist eg laga Hylleblomst-saft.

Eg måtte på jakt i bygda igjen.
Gjekk fyrst til den første eg hadde tatt blomst fra og fekk nåkre klasar, men måtte ha mykje meir, så var på veg til neste plass, då eg gjekk forbi bestemor-huset der onkelen min bur.
Og i alle dagar!
Det flauma over av Hylleblomst bak huset, og eg var snar å benytte meg av funnet.

Åh….
Blei nesten slik bestemor-hyll dette her.
Oliva-saft <3

Og gode minner.
Fra barndommens leik rundt huset her og hytta der, som du ser litt av, som vi fekk bruke, eg og kusina mi 🙂

No veit eg kvar eg finn hylleblomst utan å spørje andre om lov å gå i deira hagar.
Tenk at det var i nærmaste området og familia <3

Ja, for det var no ein gong slik at kvar gard hadde sine 
Hylleblomst-trær som medisinsk bruk.

Bestemor Oliva sine hylleblomst!

Og slik laga eg den denne gongen:

3 liter vatn
60-70 klasar hylleblomst
2 kg sukker
2 posar sitronsyre
5 sitronar derav to blei pressa saft utav.


Eg har skylt hylleblomsten før eg la den opp i baljen den skal stå å trekke i.


Der er den på plass.


Pressar safta av to sitronar men brukar skalet også. 
Legg alt i kokande vatn.


Oppkok med tilsatt sukker.


Sitronsyra tilset eg etter oppkoket, og heller så alt over hylleblomsten.


Og her er herligheita.
Det luktar Hylleblomst over heile huset no – men det gjer ingenting.
Loket skal på og det skal få stå og godgjere seg i ca 7 dagar.

Då skal eg sile av og ha over i flasker og fryse ned.

Har allereide tatt opp ei flaske frå frysa og kosa meg med Hylleblomst-saft i varmen som er ute og det er nyyyydelig.

Trur dette må bli Olivias Hylleblomst-saft rett og slett.
 

 

 

 

 

#hylleblomst #heimelagasaft #hylleblomstsaft #saftlaging #mandag #sitronsyre #sitron #sukker

 

10 kommentarer

Siste innlegg