besøk

 

ÅLESUND
OG
TRAPPENE OPP TIL 
FJELLSTUA 
AKSLA 
(418 TRAPPETRINN)

 

 

Har hatt besøk av yngsteguten med kjæreste.
Robert og Sheida.
Kjørt heile vegen frå Oslo til Kvalsvika.

Og ein av turane vi måtte ta, var til Ålesund.
Den flotte Jugend-byen.

Hurtigbåt frå Hareid til Ålesund.
Veldig greit.

Vi starta med å gå trappene opp til 
FJELLSTUA


Det var overskya når vi starta, men så kom sola snikande og det blei ein strålande dag på alle måtar.


Og oppover det går.
Det ligg eit turistskip på havna og det er mykje trafikk i trappene.


Langt ute i havet midt i bildet, ser vi kvalsvika.


Selfie-time 😀


Du kan ta By-toget til Fjellstua om du vil.
 



Ein staseleg og stram kar står her.
Visstnok ein diktar.


Vi har gått litt rundt og fått med utsikt fra toppen og rusler nedover igjen.
Vil ned til “Byrampen” for eit bilde 🙂


Spurte rett og slett forbipasserande om dei ville ta bilde av oss og det ville dei og dei spurte oss om vi ville ta bilde av dei 😀

Og eg kjente igjen på ubehaget med høgd og ikkje ha kontroll 🙂

Vi gjekk til spisestedet
#LYSPUNKTET
og åt god mat før vi rusla vidare.
Robert fekk klipt seg i Ålesund, så sommarsveisen var på plass.



Det er så flott å rusle her når det er “havblikk”


Sheida og Robert

Koselige dagar i lag med desse to.

#fjellstuaaksla #fjellstua #trapper #aksla  #firehundreogattentrappetrinn #ålesund #bytoget #byrampen #sologblåhimmel #sunnmøre #norge

12 kommentarer

Siste innlegg