kjære


 

LYSET

Kjære, alt ditt som du viser meg no
– så utenkt som mangt av det er-
kan det vel hende eg ikkje forstod
om du ikkje var meg så kjær.

Eg stansa vel uviss, utan svar,
som framfor eit ukjent land,
om ikkje min kjærleik til deg var
for meg som ei lykt i mi hand.

Den lyser meg fram, så eg kan gå inn
og gjere meg kjend i kvar krok.
Det er ikkje sant at kjærleik gjer blind.
Kjærleik gjer klok.
 


Haldis Moren Vesaas
I en annen skog
Aschehoug 1955

 

 

 

 

#haldismorenvesaas #kjærleikgjerklok #lyset #diktunderveis #dikt #blogg

14 kommentarer

Siste innlegg