korleis



 

Korleis maktar nokon
å ta sitt eige liv?
Vi veit alle
at eit menneske må være langt nede
når ein går til det skrittet?
Kva er det som skjer
i eit menneskesinn
i ein slik augneblink?

 


Kan eg og du 
kome i ein slik situasjon?
Vi veit nok ikkje svaret på det.

 


Når ein tenkjer på sjokket
for dei som sit igjen.
Nokon meinar gjerningspersonen
berre er egoistisk.
Tenkjer berre på seg sjølv.

Men kva veit vi om det?
Kva veit vi om kva årsaka er, alltid?

Når eit menneske ser det
som einaste utveg.
Det er så trist.
Alle etterlatne, små og store.

Det er ei tung bør å bære
for dei som står igjen.
Kanskje med tusen spørsmål
som aldri blir besvart.

Det er så viktig å snakke med
kvarandre.
Sjå kvarandre.
Være der for kvarandre.

Vær så snill!
Vær åpne mot kvarandre.
Men saka er vel den at noko vondt
kan ramme dei fleste.
Når ein minst ventar det,
og minst anar det.

Sjå deg for
og vær tilstades!

Mette Kvalsvik
18.09.17

 

 

 

 

 

#korleis #tungbør #tilstades #minedikt #tankar #ord #menneskesinn #tasitteigeliv #liv #tusenspørsmål

 

 

 

 

 

 

 

 


 

12 kommentarer

Siste innlegg