titusenskritt

LAURDAG

Og det er strÄlande ver ute.
Tur mÄ det bli fÞr kveldsvakt.

Hmmmmmmmmmm
Det er mykje Ă„ velge imylla og Runde er alltid plopp i tankane mine.
Men mens eg kÞyrer mot FonsavÄg sÄ dukker rett og slett
Igesundfjellet opp.

IGESUNDHETTA
OG
IGESUNDVARDEN


 Parkerar ved butikken “Fylling” /Spar.
Og gÄr oppover mot der Signe NysÊter bor og tek av opp den bratte grusvegen.

“Fitbiten” er pĂ„ – og i dag testar eg ut kor langt eg mĂ„ gĂ„ – fra bilen og rundt Igesundfjellet og tilbake til bilen, fĂžr ti tusen skritt er registrert.


Bakken opp der stien byrjar og det er god skilting bÄde til Igesundhetta og Igesundvarden.


Eg likar Ă„ ta av til hĂžgre oppe ved vatnet – der det er skilta til begge toppane – og gĂ„r til Igesundhetta fyrst.

Det er vakkert her, og prinsesse Leia er ikkje sĂ„ vĂŠrst vakker hun heller 🙂

Is pÄ alle vatn.


Utsikt frÄ 
IGESUNDHETTA


Her ser ein Huldalen nĂŠrmast, vidare mot FosnavĂ„g, Hornseten, Leinehornet og mot byen, Ålesund vidare ut.

Her har eg alltid problemer.
HĂžgderedd.
Og kan gÄ pÄ mange toppar, men det er ikkje det som er problemet.
Det er slike som dette, der det er ubehagelig smalt og bratt pÄ ei side

..
Men, vi kom oss over bÄde glatta til Ä byrja med og over heile kanten utan vidare oppstyr.
Men alltid fÄr eg skjelven midtvegs
.

Leia fÄr ikkje skjelven.
Ho forstÄr ikkje kva eg masar om 
.


Kanten er forsert for denne gongen.
Det er godt Ä kjenne pÄ at ein utfordrar seg sjÞlv.

SĂ„ er vi framme ved
IGESUNDVARDEN

Utsikt ned mot NerlandsĂžybrua.


Fornþgd ja 😀

Og ja
..
Det gjekk veldig flott Ä gÄ turen her i dag.
Som pĂ„ bildet under, er det mykje is rundt omkring no, men det er ikkje alle plassar i stien det ser slik ut, og det er berre Ă„ gĂ„ pĂ„ kanten – der det er gras 🙂


Begynte turen med lue og hanskar men etter kvart vart det varmt og mÄtte berre pakke dei vekk.
God dunjakke held pÄ mykje varme og det Ä gÄ ulendt i eit par timar gjer ogsÄ at temperaturen stig.
OgsÄ tenkjer eg at dei kransekake-ringane eg stappa i meg i gÄr kveld har forsvunne litt av, i dag.
For eg har da – som du ser under, gĂ„tt mine
#TITUSENSKRITT
ved Ă„ gĂ„ frÄ Spar/Fylling – til Igesundhetta og Igesundvarden og ned igjen til bilen 🙂

Jepp!
Greit Ă„ ha forbrent litt kransekake!!!!!

 

#fitbit #fjelltur #shetlandsheepdog #utsikt #fotografering #hundenLeia #utpÄturaldrisur #titusenskritt #mestring #aktivitet #vinter #laurdag #forbrenning #igesundhetta #igesundvarden #igesundfjellet

20 kommentarer

Siste innlegg