flofjellet

ETTERMIDDAGSTUR
Der målet ikkje var heilt bestemt, men biltur skulle eg at med hunden Leia.
Så da kjørte vi avstad.
Eg hadde egentlig bestemt meg……..
FLOFJELLVEGEN
Men….
Det er eit stykke å kjøre dit, og eg tenkte litt på Leia, som klarer mindre turer, men ikke har kjørt så langt som til Hellesylt og forbi.
Men…
Vi kjørte på.

Vegbeskrivelse til Vollset:

Kjør fylkesveg 60 til Hellesylt.
Det er skilta til Flofjellvegen til høgre.
Kjør ca 12 km innover Sunnylvbygda.
Ein køyrer forbi Helset, Frøysa, Hole, Bjørdal, Brekke og kjem til Vollset.
På Vollset – siste garden – står det eit skilt med parkering ca 500 meter lenger framme.

 

 

Vi er framme, og Leia har kasta opp.
Det er ca to timers kjøring fra meg og inn hit.

Men så er vi på veg 🙂


Klokka har passert 14.30 – nærmare 15.00 – når eg starta.
 


Åh det er så flott her!


Men……
Disse likar eg ikkje.
Eg stivna litt og gjekk fort forbi.
Gedigne er dei…………
Men det gjekk bra 🙂


 


 


NESTEVASSÆTRA

 


Artig med den steinen som står nesten heilt inn i veggen på sætra.
Kven kom fyrst?
Steinen eller sætra?
Veit ikkje…..


Vi går på.
Treffer ein del folk som har vore tidlig ute på turen.
Mange med hund.
Familier på søndagstur – og folk som gjekk aleine.


No er vi på den smalaste delen av stien.


 


Sjå her ja…………
Stein som har ramla ned…..


 


Hjelpes………..
Enda fleire kyr??!!!
Ja berre å stålsette seg og gå forbi.


Her kan ein site og ta ein pust i bakken og ein matbit 🙂

 


 


Ja det er vakkert her.


Eg traff eit eldre par med hund og snakka ei stund med dei.
Hyggelige folk fra Sykkylven 🙂
No var det ikkje lenge igjen før eg var ved enden, sa dei.


Det var skilt på ei av hyttene eg passert – der det stod:
SKIHYTTA 535 moh.

 


No nærmar eg meg enden på vegen her.
Du kan sjå kanten og enden på vatnet.


Eg går forbi vatnet og går litt nedover, heilt til eg ser i vatnet nede i fjorden.
Der nede ligg bygda FLO
Men i dag har eg ikkje tid nok til turen ned dit.
Det må bli ein annan gong 🙂
Det er visst bratt ned og tungt å gå opp igjen.
Da må ein starte tidligare på dag.

Eg og Leia sat og kosa oss litt med noko lett mat og drikke før vi snudde og begynte på vegen tilbake.
Kyrne låg like bedagelig dei…..
Men eg var livredd.
 


Held pusten og går forbi.

 


 


 


 


Nydelige fargar både i natur og vatn.

 


NESTEVATNET

 


 


 


 

Så var eg nesten ved vegs ende her.
Har brukt ca 2 timer eine vegen og 1,5 tilbake.
Det eldre paret med hund var dei siste eg hilste på så eg vart litt stressa og fekk tankar om at eg var aleine på Flovegen.
Derfor gjekk eg i større tempo tilbake til bilen.
Løp litt endatil.
Men var sliten.
Turen er på ca 10 kilometer heilt ned til Flo.
Og når ein går tur og retur så blir det ein heil del…..
Og eg kjende det i føtene ja………..
Men gjekk fort over 😀

Fantastisk tur eg vil ta igjen neste år ein fin sommardag og gå heilt ned til Flo.

 

 

 

 

#Flofjellvegen #vakkernatur #kilometer #foss #sel #kyr #turglede #sliten #søndag #fotografering #bilder #møreogromsdalfylke #sognogfjordanefylke #vallset

 


 

 

16 kommentarer

Siste innlegg