ren poesi


DET ER DEN DRAUMEN

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ein morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge

 

#renpoesi #poesi #blogg #olavhhauge #morgonstund #draumen #bilde #ellenwisløff

14 kommentarer

Siste innlegg