stein

 

 

 

BarneÄr

Du hoppar frÄ stein til stein.
Minner kjem fram frÄ barneÄr.
DÄ alt var stÞrre, og du hoppa frÄ stein til stein.

Mange hinder Ă„ kome over.
Mange utfordringar Ă„ hanskast med.
Men, pÄ ein anna mÄte.

Dei vart tatt pÄ nesten strak arm.
Alt var sÄ lett og morosamt.
Å hoppe frĂ„ stein til stein, og mĂžte dei utfordringar som mĂ„tte kome, med lett sinn.

Gleda av Ă„ boltre seg i naturen heile dagen.
Du hoppar frÄ stein til stein og tenkjer tilbake.
Her har du vore sÄ mange gongar fÞr.

Bada, leika og ingen sorger.
Det er sÄ godt Ä hoppe frÄ stein til stein.
Berre la tankane flyge slik.

Tenkje tilbake pÄ gode barneÄr.
Du er no vaksen.
Men du kan fortsatt hoppe frÄ stein til stein.

 

mettekvalsvik
(27.07.16)

 

 

 

#minedikt #dikt #blogg #barneÄr #tankane #bilder

18 kommentarer

Siste innlegg