du

 

 

 

FORDI EIN DAG KAN DU IKKJE

 

 

Kvifor har du slik dårleg tid?
Kvifor spring du frå det eine til det andre?
Har du ikkje roa på deg?
Ein heim å styre?

Jau, klart det!
Men ein må nytte tida på best muleg måte.
Ikkje site og toe hendene i vente på at noko artig skal skje.
Ein må ut og møte livet.

Tida og livet er her og no.
Ein må fylle tida og livet med mest muleg.
Oppleve dei høge toppar og dei djupe dalar.
Bruke tida og livet kvar ein dag.

For ein veit aldri.
Ein dag KAN du ikkje.
Livet og tida er så verdifull, og på same tid så skjørt.
Tida og livet, og ein dag kan du ikkje.

 

 

mettekvalsvik
(25.06.16)

 

 

#livet #tida #du #eindag #minedikt #blogg #morsdag #søndag #natur #fotografering #bilder #dikt #hobby

14 kommentarer

Siste innlegg