det er jul

 

 

 

video:snapchat8512289102561513886

 

 

 

PAKKEN

 

Når ventetida er over, og du stille listar deg ned trappetrinn for trappetrinn.
Dette er dagen dei vaksne har styra til i heile ventetida.
Ingen krokar eller krikar er gløymde.
Nedvask fra loft til kjellar.
Alle kakesortar er i boks.

Det ligg pakkar halvvegs bortgøymde du har knepet på for å gjette innhaldet i.
Den siste luka i kalenderen skal åpnast.
Du åpnar døra og kikar inn.
Åh!
Det er jul.

Det er raude dukar på borda.
Det er satt fram fruktfat, fat med nøtter og opp i alt ligg shetlandsgodtet.
Du går inn og ser deg rundt, og midt i alt, der står juletreet.
Alt har vore hemmeleg sidan kvelden lisje julafta.
Og no står det der og glitrar mot deg.

Det er julafta, og du er berre spent.
På alt, men mest av alt på gavene.
Får du det du aller mest ønsker deg?
For det er ikkje noko anna du vil ha, enn prinsesse-skøyter.
Kvite kunstløpsskøyter.

Og då du pakkar opp akkurat den pakken, er alt berre lykke.
Du fekk det du ønska deg.
Prinsesse-skøytene blinka mot deg.
Julafta var perfekt.

 

 

mettekvalsvik

 

 

 

#deterjul #perfektjul #minedikt #etdiktomdagen #prinsesseskøyter #pakken #desember #juletre #pyntatiljul #video

8 kommentarer

Siste innlegg