orkan?

 

 

“URD”

Eit merkeleg navn.
Men eit navn eg ikkje likar, her og no.
Eit navn eg har høyrt om sidan i går.
Det blir kraftig vind på vestlandet.
Over fjella og østover.
Kratig vind.


Kreftene herja.
Om nokon huskar “DAGMAR” – så var det ein annan kraftig vind.
Den mørkla og øydela.

 

Eg sit med høge skuldra.
Eg er oppkava og engsteleg over vervarslet.
Vindkast på 25-35 m pr sekund.
25 meter høge bølger.

 

Eg skal på kveldsvakt.
Det er på ein måte like greit, om eg kjem meg over brua då.
For å være heime i hus når vinden brøler og riv og slit, det slit eg med.
Men, yngste guten skal være heime og katten skal være heime………
Då blir eg redd for dei.
Eldste guten skal på 2. dags fest på hotellet.
Korleis skal dette gå?

 

Det er berre ein ting å gjere…………
Stå i det.
Anna kan ein ikkje gjere.
Jau, ein kan bunkre seg i ein lydtett kjellar.
Eg har ingen lydtett kjellar.
Eg prøver kome meg på jobb, også ser eg om eg får kjørt rundt til dei som treng hjelpa mi.
Så får eg satse på at veret ikkje blir så aller værst.

 

“Urd” høyrest tøff ut.
Den skal dreie på vest og nord-vest.
Eg håper han ikkje sler til som spådd.
Eg håper han tapar krefter før han kjem til land.
Så står vi han av, denne stormen også.
Tak vare på kvarandre der ute!

 

mettekvalsvik

 

 

 

 

#2juledag #desember #stormvarsel #urd #bekymring #orkan? #blogg #naturkrefter #dagen #minedikt #naturogmiljø

16 kommentarer

Siste innlegg