eg trur

 

 

 

INDRE KAMP

 

Eg trur du er redd.

Eg trur du er misunneleg.

Eg trur du er einsam.

 

Dette trur eg om deg, du som har det med å snakke nedlatande om andre.

Du som til stadigheit må håne andre.

Du som rett og slett mobbar.

 

Eg trur du har det vondt med deg sjølv.

Eg trur ikkje du er lykkeleg.

Eg trur rett og slett du kjempar ein kamp inne i deg.

 

Prøv å snu om, du som mobbar.

Ikkje vær eit slikt menneske som vil andre så vondt.

Start med deg sjølv og finn fram alt det gode.

 

mettekvalsvik

 

 

 

 

 

#minedikt #blogg #etdiktomdagen #onsdag #egtrur #indrekamp #mobbar #snuom #fotografering

20 kommentarer

Siste innlegg