gjenklang

 

 

 

TOMT

 

Du føler tomheit.
Du føler det nesten gir gjenklang inne i hodet.
Tomt.

Tankane jobbar på høggir.
Tomme tankar, håplause tankar, gnagande tankar.
Tomt.

Du kjenner smerta.
Ut frå all tomheit kjem smerta sigande.
Sår tomheit.

Du føler apati.
Kva som skjer, bryr deg ikkje.
Den smertelige tomheita fossar innover deg.

Du må ut av tomheita.
Var det hausten som tømde deg?
Då blada falt til jord?
Tomt.

Du må snu og fylle opp batteria.
Sjå mot lyset.
Den mørkaste tida er også den lunaste.

Det lysnar.
Hent din energi frå lyset og fyll opp.
Det spirar snart på nytt.

 

 

 

mettekvalsvik

(skrevet 25.10.15)

 

 

 

 

#dikt #gjengklang #minedikt #etdiktomdagen #tomt #foto #tomheit #sjåmotlyset

 

14 kommentarer

Siste innlegg