tusenår

 

 

TUSENÅRSTREET

Du står der og blir heilt overrumpla.

Treet som plutselig står der, rett framfor deg, så svært.

Det går ei bølge av følelsar igjennom deg.

Ei sitring.

 

Du kjenner det.

Treet lever.

Tusen års viten.

Gråten kjem sigande.

Men ikkje av fortvilelse.

Berre av det levde.

 

Kva veit du, treet?

Treet er så imponerande der det står.

Vakkert.

Du legg hendene på greiner.

Tar på stammen.

Dette tusenårstreet, heilt fantastisk.

 

Det er som du ikkje vil gå derifrå.

Det har så mykje energi, dette vakre treet.

Men du går derifrå med noko nytt inne i deg.

Dette fantastiske tusenårstreet har gjort stort inntrykk.

 

Det sit med enorm viten, dette treet.

Det seier seg sjølv at det må besøkast igjen.

På gjensyn, tusenårstreet.

 

 

mettekvalsvik

 

 

 

 

 

#dikt #minedikt #tusenårstreet #reindalssætra #høst #mektigt #etdiktomdagen #turivårnatur #tusenår #tre

16 kommentarer

Siste innlegg