Tårer……..

 

TÅRER

 

Tårer av glede og av sorg.

Tårer av sinne og av einsamheit.

Dei kjem av og til heilt utan forvarsel, tårene.

Dei kjem også når du minst ynskjer det, tårene.

 

Dei kjem av og til som små sildrande elvar,

og andre tider som frådande fossar.

Tårene kjem stundom lett som ei fjør.

Dei berre kjem.

 

Dei kjem med renselse.

Tårene veltar på langt innanfra, og byggjer seg opp til ei bølge

som slår over for deretter sakte men sikkert, i små dønningar, gi slepp.

Tårene er gode, sjølv om dei er sinte eller sorgtunge.

Tårene er balsam for ditt indre.

 

mk september 2015

 

#dikt #minedikt #blogg #tårer #etdiktomdagen #desember #onsdag

18 kommentarer

Siste innlegg