Ellers….

 

 

 

ELLERS HAR DU DET BRA.

 

Den bedritne dagen.
Du står opp, men ser ikkje egentlig poenget med det, å stå opp altså.
Du lyftar hodet for å sjå ut, men det er så tungt at du bøyer nakken.
Har lyst å legge deg igjen.
Det er så kjedelig.

Du synest synd på deg sjølv.
Einsamheita du er så glad i, har overmanna deg totalt.
Du har lyst å grine, gå og leggje deg og drage dyna over hodet.
Kvifor i all verda er du aleine?
Tankane overmannar deg og du føler deg mislykka.

Alle andre er i lag – alle andre har funne kvarandre.
Alle andre er lykkelige.
Alle andre.
Kva er poenget?
Du vil legge deg og drage dyna over hodet.

Det einaste du høyrer, er oppvaskmaskina som susar.
Einsamheita trykkjer på og skubbar deg inn i eit hjørne.
Du føler deg aleine i denne vellykka verda alle er så glade i.
Tungsinnet gnager seg innover og innover.
Du ser ikkje ende på alle tunge tankar som dynger deg ned.

Einsamheita tek kvelartak.
Kva feilar det deg?!
Du lyftar hodet og ser opp.
Ristar litt i tankemønsteret.
Ser ut på dagen og klarnar blikket.

Nei, skjerp deg og gjer no eit kvart.
Du tenkjer som så at alle har vel ein bedriten dag av og til.
Du tenkjer at bak kvar ei dør, ja, ikkje all lykke er god.
Ikkje alt som glitrar er av det gode.
Du kan byggje ei flott fasade, men på innsida………

Du smiler og hevar blikket.
Ellers har du det bra.

 

 

mk august 2015

 

 

 

#dikt #minedikt #ellershardudetbra #desember #blogg #etdiktomdagen

31 kommentarer

Siste innlegg