I havn….

 

 

 

 

I HAVN

 

I dette savnet kjennast sorgen, gleda og tankane så sterke.

Ein dag reiser vi også.

Vi tek den reisa DU har tatt i førevegen.

Du veit kva det no går ut på, mens vi sit att med undring og mange spørsmål.

Men kjensla av ei trygg reise og ei trygg havn, er der.

Når du tok det siste andedrag, kjentes der ei glede, og eg tenkte på; kva er no dette.

Da kom eg på det du fortalte ein besøkande.

Du spurte etter di mor, og den besøkande sa at mor nok er i himmelen.

Da sa du det slik; at då sit ho nok og ventar på meg no då.

Du var klar til å reise.

Og ved ditt siste andedrag, følte eg lette føter som sprang avstad.

Det vart fred og romet vart tomt.

Du for heim.

 

mette kvalsvik
 juni 2015

 

 

 


 

 

 

 

#minedikt #ihavn #savn #småeføtter #pappa #sisteandedrag #reise

14 kommentarer

Siste innlegg